{"product_id":"tynne-rivner-av-lys","title":"Tynne rivner av lys (Innbundet)","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eTynne rivner av lys.\u003c\/strong\u003e Vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025!\n\nDu må lære meg alt.\n\nSolveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.\n\nPå nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.\n\nTynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.\n\n\n\nAnne-Lise Frøland er med denne boka kåra til vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025. Frå grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna: «Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. Tynne rivner av lys er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige håpet som pregar vår felles reise som menneske.» \n\n\n\u003c\/p\u003e\u003ctable width=\"100%\"\u003e\u003ctbody\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForfattere:\u003c\/strong\u003e Anne-Lise Frøland\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgave:\u003c\/strong\u003e ukjent\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSpråk:\u003c\/strong\u003e Norsk (Nynorsk)\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSidetall:\u003c\/strong\u003e 185\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eISBN:\u003c\/strong\u003e 9788234014871\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVekt:\u003c\/strong\u003e 282 g\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForlag:\u003c\/strong\u003e Det Norske Samlaget\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eInnbinding:\u003c\/strong\u003e Innbundet\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgitt:\u003c\/strong\u003e 2025\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVeil. pris:\u003c\/strong\u003e 429 kr\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eKategori:\u003c\/strong\u003e Romaner  \u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003c\/tbody\u003e\u003c\/table\u003e\u003cbr\u003e\u003cp\u003eFor flere skjønnlitterære bøker trykk  \u003cstrong\u003e\u003ca href=\"https:\/\/bokia.no\/collections\/norsk-skjonnlitteratur-for-voksne\"\u003eher\u003c\/a\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Pent brukt bok","offer_id":42537615491154,"sku":"158238-4","price":210.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/tynne_rivner_av_lys.jpg?v=1785899505","url":"https:\/\/bokia.no\/products\/tynne-rivner-av-lys","provider":"Bokia.no","version":"1.0","type":"link"}