{"product_id":"storegut","title":"Storegut (Innbundet)","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eStoregut.\u003c\/strong\u003e Aasmund Olavsson Vinje ( 1818 . 1870 ) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både lokalt og globalt. Vinje nyttar fleire ulike sjangrar : dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar.  Diktverket Storegut kom ut i 1866, og er eit av dei største arbeida til Vinje, og eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå . Det syng fyr Storegut . :\r\r Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er.\r\rStoregut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700 . talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Det var Vinje som gjorde Storegut kjent utanfor lokalmiljøet, og mange kunstnere har seinare late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.\r\rLokalhistorikaren Richard Berges kritiske kommentarar til Storegut .verket var første gong trykt i Syn og Segn i 1906, og er med i denne utgåva.\r\rUtgåva er trykt i Vinjes eiga målform. Innleiing av Åsulv Edland.\r\r15. utgåva\r\r\r\u003c\/p\u003e\u003ctable width=\"100%\"\u003e\u003ctbody\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForfattere:\u003c\/strong\u003e Aasmund Olavsson Vinje\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgave:\u003c\/strong\u003e 15 utg.\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSpråk:\u003c\/strong\u003e Norsk (Nynorsk)\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSidetall:\u003c\/strong\u003e 159\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eISBN:\u003c\/strong\u003e 9788252154771\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVekt:\u003c\/strong\u003e 569 g\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForlag:\u003c\/strong\u003e Samlagsantikvariatet\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eInnbinding:\u003c\/strong\u003e Innbundet\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgitt:\u003c\/strong\u003e 2000\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVeil. pris:\u003c\/strong\u003e 449 kr\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eKategori:\u003c\/strong\u003e Klassisk litteratur  \u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003c\/tbody\u003e\u003c\/table\u003e\u003cbr\u003e\u003cp\u003eFor flere skjønnlitterære bøker trykk  \u003cstrong\u003e\u003ca href=\"https:\/\/bokia.no\/collections\/norsk-skjonnlitteratur-for-voksne\"\u003eher\u003c\/a\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Samlagsantikvariatet","offers":[{"title":"Pent brukt bok","offer_id":42452081442898,"sku":"155765-4","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/storegut.jpg?v=1781728036","url":"https:\/\/bokia.no\/products\/storegut","provider":"Bokia.no","version":"1.0","type":"link"}