{"product_id":"ida-i-italia","title":"Ida i Italia (Innbundet)","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eIda i Italia.\u003c\/strong\u003e Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eKva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eIda i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.\u003c\/p\u003e\u003ctable width=\"100%\"\u003e\u003ctbody\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForfattere:\u003c\/strong\u003e Ingrid Z. Aanestad\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgave:\u003c\/strong\u003e 1 utg.\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSpråk:\u003c\/strong\u003e Norsk (Nynorsk)\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSidetall:\u003c\/strong\u003e 113\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eISBN:\u003c\/strong\u003e 9788249528790\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVekt:\u003c\/strong\u003e 218 g\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForlag:\u003c\/strong\u003e Forlaget Oktober AS\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eInnbinding:\u003c\/strong\u003e Innbundet\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgitt:\u003c\/strong\u003e 2024\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVeil. pris:\u003c\/strong\u003e 429 kr\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eKategori:\u003c\/strong\u003e Diverse  \u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003c\/tbody\u003e\u003c\/table\u003e\u003cbr\u003e\u003cp\u003eFor flere skjønnlitterære bøker trykk  \u003cstrong\u003e\u003ca href=\"https:\/\/bokia.no\/collections\/norsk-skjonnlitteratur-for-voksne\"\u003eher\u003c\/a\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Forlaget Oktober AS","offers":[{"title":"Pent brukt bok","offer_id":42766818377810,"sku":"163458-4","price":260.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/ida_i_italia.jpg?v=1790628743","url":"https:\/\/bokia.no\/products\/ida-i-italia","provider":"Bokia.no","version":"1.0","type":"link"}