{"product_id":"dei-dodsdomde","title":"Dei dødsdømde (Innbundet)","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eDei dødsdømde.\u003c\/strong\u003e Dømd til døden.  \n  \nDette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta.   \n  \nEi kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane.  \n  \nDødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid.   \n  \nI dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?  \n  \nIllustrert av Kristian Krohg-Sørensen.\u003c\/p\u003e\u003ctable width=\"100%\"\u003e\u003ctbody\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForfattere:\u003c\/strong\u003e Aina Basso\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgave:\u003c\/strong\u003e 1 utg.\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSpråk:\u003c\/strong\u003e Norsk (Nynorsk)\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eSidetall:\u003c\/strong\u003e 134\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eISBN:\u003c\/strong\u003e 9788234004452\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVekt:\u003c\/strong\u003e 406 g\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eForlag:\u003c\/strong\u003e Det Norske Samlaget\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eInnbinding:\u003c\/strong\u003e Innbundet\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eUtgitt:\u003c\/strong\u003e 2022\u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eVeil. pris:\u003c\/strong\u003e 369 kr\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003ctr\u003e\n\u003ctd style=\"width: 24%;\"\u003e\n\u003cstrong\u003eKategori:\u003c\/strong\u003e Ungdom  \u003c\/td\u003e\n\u003ctd style=\"width: 21%;\"\u003e\u003c\/td\u003e\n\u003c\/tr\u003e\n\u003c\/tbody\u003e\u003c\/table\u003e\u003cbr\u003e\u003cp\u003eHer  finner du flere sakprosa-bøker for barn\u003c\/p\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Pent brukt bok","offer_id":42649585975378,"sku":"159697-4","price":220.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/dei_dodsdomde.jpg?v=1787691230","url":"https:\/\/bokia.no\/products\/dei-dodsdomde","provider":"Bokia.no","version":"1.0","type":"link"}