Samhandling i velferdsyrke

Samhandling i velferdsyrke

Fagbokforlaget

  • 160 kr

Kommer på lager etter

Samhandling i velferdsyrke. Samhandling i velferdsyrke er eit sosiologisk, entusiastisk og problematiserande bidrag om relasjonen mellom brukar (klient) og yrkesutøvar for studentar ved helse- og sosialfaglege utdanningar og yrkesutøvarar innanfor dette feltet. Samhandlingsperspektivet som er lagt til grunn, er ein nyttig måte å lese tilhøvet mellom brukar (klient) og yrkesutøvar på som får fram at begge partar faktisk skapar noko saman. Eit kritisk og analytisk blikk for kva som skjer i samhandlingsrelasjonen vil kunne bidra til at helse- og sosialarbeidarar blir betre og meir reflekterte yrkesutøvarar. Vi er frimodige nok til å meine at denne boka kan bidra til nettopp det ved å late vere å dosere allmenn teori, men tvert om syne denne teorien i bruk på konkrete casar som er særs relevante for den målgruppa denne boka siktar seg inn på, og som med så stødig hand som råd er prøver å ramme midt i blinken. Bjarne Øvrelid er cand. sociol. og er tilsett som førsteamanuensis ved Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Lillehammer. Liv Johanne Solheim er cand.polit. med hovudfag i sosiologi og er tilsett som førsteamanuensis ved Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Lillehammer

Forfattere: Bjarne Øvrelid, Liv Johanne Solheim Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 247
ISBN: 9788276744453 Vekt: 400 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2001 Veil. pris: 435 kr
Salg

Unavailable

Sold Out