Smak på Ryfylke

Smak på Ryfylke

Sturnus Forlag

  • 200 kr

Kommer på lager etter

Smak på Ryfylke. Matbok med oppskrifter på gamle og nye rettar pakka inn i personleg og lokal mathistorie, miljø og landskap. Kva er ekte Ryfylkemat? Veldig søte ting, seier ein. Tørrfisk med steikt flesk, ein annan. Fiskekomler, seier ein tredje. Smak på Ryfylke byr på tradisjonell ryfylkemat som det framleis er aktuelt å laga. Forfattaren byr på sitt eige kjøkken i ein personleg presentasjon av mat og mathistorie, kultur og landskap. Dette er ikkje kokkekunst, men kollektiv kjøkkenkunst, oppskriftene slik dei vandrar frå hus til hus. Om du lurer på korleis mor krydra kjøtkakene, eller korleis ho laga den gode fiskegratengen, skal du finna oppskrift her. Samtidig får du nyare rettar frå ryfylkekjøkkenet, som laks med pesto, ostekake og tomatsuppe med kvitløk og chili.

Forfattere: Sigrid Bø Grønstøl Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 220
ISBN: 9788299755528 Vekt: 690 g
Forlag: Sturnus Forlag Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2009 Veil. pris: 390 kr
Kategori: Mat og drikke
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out