Noreg 9788203193224 Nils Rune Langeland Brukte bøker

Noreg

Aschehoug & Co

  • 150 kr

Kun 1 igjen

Noreg. Vinteren og våren 2007 reiste historikaren Nils Rune Langeland Noreg rundt i jakt etter folkesjela i det nye, velståande og moderne Noreg. For det er berre i fantasien at vi framleis er nøysame slitarar på karrige småbruk, fiskarar i opne båtar langs kysten og industriarbeidarar i tusental på gølvet. Men kven er vi i dag? Dette er ei reiseskildring forma som ei rekkje små forteljingar frå Kristiansand i syd til Hammerfest i nord, frå Austevoll i vest til Koppang i aust. Men det er meir enn ei reise i geografien. 17. mai-feiringa i Oslo, Stortinget, Litteraturfestivalen på Lillehammer og Arbeidarpartiets Landsmøte er også med. Kjente personar som Marit Arnstad, men også heilt ukjente menneske utan offentlege posisjonar kjem til orde som personlege møte i desse reiseskildringane. Dette er noko så vilt som å fange magien i den trauste norske kvardagen vi er så vande med. Fortida blir vevd inn i notida. Det fantastiske viser seg der ein minst ventar det. For å bryte gjennom den polerte framsida av det norske samfunnet er det brukt ei rekkje ulike sjangergrep i grenselandet mellom sakprosa og diktekunst. På denne måten er det gjort ein freistnad på å finne ut kva som står på spel i det norske samfunnet. Det som ikkje blir sagt rett fram.

Forfattere: Nils Rune Langeland Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 188
ISBN: 9788203193224 Vekt: 195 g
Forlag: Aschehoug & Co Innbinding: Heftet
Utgitt: 2008 Veil. pris: 299 kr
Kategori: Essays

For flere skjønnlitterære bøker trykk her

[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out