Ein lykkeleg slutt

Ein lykkeleg slutt

Det Norske Samlaget

  • 210 kr

Kun 1 igjen

Ein lykkeleg slutt. Skjebnen, døden og kjærleiken. Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta. Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere. Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke. Omsett av Ingvild Holvik. Maren Uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. Ein lykkeleg slutt er den tredje romanen hennar, og for den fekk ho Læsernes Bogpris i 2020.

Forfattere: Maren Uthaug Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 375
ISBN: 9788234003806 Vekt: 515 g
Forlag: Det Norske Samlaget Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2021 Veil. pris: 429 kr
Kategori: Romaner
[code] [/code]
Salg

Unavailable

Sold Out